Bøker

Bøker på norsk

Gunnar Skirbekk

NIHILISME?

Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg

Tanum 1958

1979, 3. opplag med nytt forord

ISBN 82-518-0916-9

Pax 1998, 4. opplag lett revidert med nytt forord

ISBN 82-530-2016-3

 

Innhald:

Den første skansen. Innleiing og bakgrunn

Det vondes problem

Hjulet

To perspektiv

Eit utgangspunkt

 

Referansar til omtale av boka, jf. Svein Sundbø Gunnar Skirbekk. En kronologisk bibiografi over forfatterskapet 1957-2003, Nasjonalbibliotekets bibliografier nr. 8, 2003, s. 14-15

ISSN 1502-0959

ISBN 82-7965-071-7

 

Gunnar Skirbekk

ORD

Det Norske Samlaget 1984

ISBN 82-521-2374-0

 

Baksidetekst:

”Å lese essay er å vere med på leiken – den leiken som sakleg sett er seriøs, men som skyr det påtatte gravalvor – for leiken gjeld oss sjølve, mennesket som følande, handlande og tenkande.”

I dette essayutvalet synet Gunnar Skirbekk korleis han frå sin skrivestad freistar følgje desse spelereglane ved å skrive uhøgtidleg, seriøst og personleg om ulike emne som kattens vesen, nasjonalisme, ”ferdaminne” frå USA, språk, høgrebølgja, liberalisme, kulturradikalisme, populisme, A. M. Schweigaard og Jon Hellesnes.

I 1958 gav den 21-årige medisinarstudenten Skirbekk ut boka Nihilisme, eit lengre filosofisk essay, som vekte stor oppsikt. Oppsikt vekte det likeins då han i 1968 slo fast at ”poetokratiets tid er forbi, litteratveldet er over – den viktige debatten blir ført av filosofar og samfunnsforskarar”. Gunnar Skirbekk har sjølv gjort sitt for at denne vurderinga skulle bli sann og har i bøker, avisinnlegg, tidsskriftartiklar og på anna vis gjennom åra stått sentralt i det politisk- og allmennfilosofiske ordskiftet.

Med sin personlege og poengfylte stil har han analysert kulturkrisa, økofilosofien, samtidslitteraturen, eksistensialismen og andre fenomen frå uventa og høgst fruktbare synsvinklar.

I denne samlinga spelar han igjennom eit repertoar av essaya med tyngdepunkt i det litterære, det politiske og det filosofiske – eller det han sjølv kallar ”dikt”, ”trasp” og ”pønsk”.

 

Innhald:

Forord

Om retten til å dumme seg ut

(I)

Om kattens vesen

Nasjon og natur

Dansken, svensken – og nordmannen

Ein norsk Aristoteles

Er ideologiane døde?

Ord

Bardommens by

Europas barn

Nihilisme?

(II)

Om reiser og erfaring

Eit amerikansk problem

Kulturradikalismen – kapitalismens lausunge

Språk og eksistens

Distriktshøgskolar, mot-ekspertise og populisme

Høgrebølgja – men kva for Høgre?

(III)

Folkelege tankar om sikt og oversikt

Den frie vilje og psykisk helse

Krise i humaniora?

Schweigaard og den norske tankeløysa

 

Gunnar Skirbekk

TIL DJEVELENS FORSVAR

og andre essay

Universitetsforlaget 1987

ISBN 82-00-18396-3

 

Baksidetekst:

”Ord kjem sjeldan aleine. Ord følgjer på ord. Det eine ordet tar det andre. Så når ein vel har begynt, er det vanskeleg å stoppe. Det blir bok av det. Derfor ei ny ord-bok – som tilsvar til ORD (Samlaget 1984)”.

Slik innleier GUNNAR SKIRBEKK denne essaysamlinga si. Her legg han fram det han kallar ”Ordprodukt” ut frå skiljet mellom liv og lære – denne spenninga som alltid er der, men som helst ikkje bør bli for stor. For vi må ikkje la læra skilje lag med livet, men heller ikkje la livet gå sin eigen gang, upåverka av læra.

Her er perler av livsessays med enkle og djupe kjensler, her er læreessays med vide spenn og klåre synsspekter. Du finn essays til å få forstand av, til å ergre deg over, til å more deg over, men først og fremst til å gle deg over at det òg i dag er mogleg å få brød – og ikkje berre steinar for brød.

 

Innhald:

LIV

Kafka og Karl Popper

Bestemor

Midt i livet

Gamp

Var det så lurt?

Eigedom og eksistens

Liten skilnad

Snille skandinavar

Trø meg ikkje for nære

Med surna graut

Begge beina på dørken

Donald Duck og den norske barnesjel

Om synder og undergjerningar

Til Djevelens forsvar

Norrøn tunge

LÆRE

Bergensfilosofen Holberg, Nordens Voltaire

I refleksjonens mangel …

Folkeopplysning – medium for folket

Kultur og samfunnsutvikling

Individualisme og egalitet

Likskap og likeverd

Visdom og strukturell provinsialisme

Utan kulturen stoppar samfunnet

Kriminalitet i Kardemommeby

Knekte sjeler

Norsk skole – omsorg eller kunnskap?

Språk og identitet

Sosialdemokratiet som teoretiske forståing

Naturrettstanken – ankerfeste for menneskerettane?

Kvifor slår Nille?

LIVSLÆRE

Kriseerfaring

Gunnar Skirbekk

VIT OG VITSKAP

Postmodernistisk ordbok om modernitetens babelske forvirring

Fagbokforlaget 1998

ISBN 82-7674-438-9

 

Last ned boka elektronisk. NB - Stor fil (99 MB)

 

Baksidetekst:

Vit og vitskap, postmodernistisk ordbok om modernitetens babelske forvirring er ei samling av essay – korte og lange, lette og tunge – frå fleire års arbeid med modernitetsteori i tilknyting til prosjektet ”Modernitet – differensiering og rasjonalisering”. Eit av dei grunnleggande spørsmåla gjeld forholdet mellom universalitet og kontekstualitet: Finst det ei allmenngyldig fornuft og visse allmenngyldige normer og verdiar, eller er alt berre kontekstavhengig og relativt? Inneber kulturell modernitet ein grunnleggande relativisme, eller finst det visse former for fornuft som er allment forpliktande?

Med denne essaysamlinga markerer forfattaren 40 års fartstid som filosof: I 1958 gav han ut boka Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg, og spørsmåla frå denne boka førte han over i fagfilosofien. I dag, i skils år og alder og som professor i Bergen (og Shanghai), leverer han Vit og vitskap som eit essayistisk og mangslunge uttrykk for status praesens, for stoda her og no slik ho ter seg frå hans synsstad.

Den som likevel sit igjen med spørsmål (og kven gjer ikkje det), er inviterte til å sjå på nokre av dei fagfilosofiske skriftene, slik som Rationality and Modernity. For liksom nokre spørsmål blir ståande opne og utan svar, er det heller ikkje slik at alt er svarlaust, ikkje eingong under modernitetens babelske forvirring.

Målgruppa er alle dei som på ein eller annan måte er interesserte i Verdikommisjonen, maktutgreiinga eller dei politiske tenkeloft, alle dei som er frustrerte over nivået i norske massemedium, og som enno er i stand til å undre seg og tenkje ein tanke til endes.

 

Innhald:

Etterord

MODERNITET

Modernitet – eit babelsk prosjekt

Ettertanke om modernitetens nihilisme: Gud er død, alt er tillatt

VITSKAP

Holistisk reduksjonisme?

Ettertanke om vitskap og livsverd: Det som er

KULTUR

Kultur – tidtrøyte eller luksus i moderne samfunn?

Ettertanke om kultur og natur: Landskap

ØKONOMI

Økonmien og det moderne samfunn

Ettertanke om norsk leiarstil: ”… døden ikke heller …”

RETTSVESEN

”Din tanke er fri…” – om å grunngi det rettslege vern for ytringsfridom

Ettertanke om modernitetens differensieringar: Same fridom for alle ytringar?

TENKING

Filosofi i frammarsj – motesvinging eller krisehjelp i moderne samfunn?

Postscriptum om moderniteten som tvitydig prosjekt

Gunnar Skirbekk og Nils Gilje

i samarbeid med Anne Granberg, Cathrine Holst og Rasmus Slaattelid

FILOSOFIHISTORIE

Innføring i europeisk filosofihistorie med særleg vekt på vitskapshistorie og politisk filosofi

Universitetsforlaget 2007

8. utgåve nynorsk

ISBN 13-978-82-15-01170-7

3. utgåve bokmål

ISBN 13-978-82-15-01004-5

 

Filosofihistorie er ei innføring i europeisk filosofihistorie, med særleg vekt på politisk teori og på framveksten av vitskapane. Tildelt Tønnes Andenæs-prisen. Omsett til dansk, tysk, svensk, bokmål, islandsk, russisk, engelsk, kinesisk, usbekisk, tadsjikisk og tyrkisk.

 

Innhald:

Forord

Innleiing

1. Førsokratisk filosofi, med glimt frå indisk og kinesisk tenking

2. Sofistane og Sokrates

3. Platon – idélære og idealstat

4. Aristoteles – naturens orden og mennesket som «politisk dyr»

5. Seinantikken

6. Mellomalderen

7. Framveksten av naturvitskapen

8. Renessanse og realpolitikk – Machiavelli og Hobbes

9. Tvil og tru – mennesket i sentrum

10. Rasjonalisme og system

11. Locke – opplysning og likskap

12. Empirisme som kunnskapskritikk

13. Opplysningstid – fornuft og framsteg

14. Utilitarisme og liberalisme

15. Kant – «den kopernikanske vending»

16. Etableringen av åndsvitenskapane

17. Hegel – historie og dialektikk

18. Marx – produktivkrefter og klassekamp

19. Kierkegaard – eksistens og ironi

20. Darwin – striden om menneskebiletet

21. Nietzsche og pragmatisme

22. Sosialisme og fascisme

23. Freud og psykoanalysen

24. Framveksten av samfunnsvitskapane

25. Ny framgang i naturvitskapane Einstein og moderne fysikk

26. Glimt frå samtidsfilosofien

27. Modernitet og krise

 

Notar

Litteratur

Illustrasjonsliste

Sakregister

Personregister

Gunnar Skirbekk

UNDRINGA

Universitetsforlaget 2002

Omslag: Bengt Olsson

ISBN 82-15-00295-1

 

Last ned boka elektronisk. NB - Stor fil (99 MB)

 

I serien Filosofisk essayistikk på nynorsk inngår også:

Hans Skjervheim, Mennesket (2002)

Jon Hellesnes, Grunnane (2002)

Filosofisk essayistikk på nynorsk. Innspel til den offentlege samtalen om det moderne samfunn.

I ei tid prega av fagleg spesialisering og ein stadig ekspanderande sektor for underhaldning, representerer det filosofiske essayet eit forsøk på å få i stand kommunikasjon mellom fagfolk og folk flest. Det filosofiske essayet opnar både for eksistensiell refleksjon, metafysisk undring og samfunnskritikk. Denne serien på tre bøker med kresent uvalde essay er ein ressurs for dei som ønskjer å utvikle eigne tankar.

 

Innhald:

Forord

- Litterært-eksistensielle essay

Til Djevelens forsvar

Ord

Europas barn

Om kattens vesen

Eigedom og eksistens

Om synder og undergjerningar

Kafka og Karl Popper

- Historisk-kritiske essay

Bergensfilosofen Holberg – Nordens Voltaire

Schweigaard og den norske tankeløysa

”I refleksjonens mangel …”

Snille skandinavar

Nasjon og natur

Norrøn tunge

Filosofi på frammarsj

- Modernitetsteoretiske essay

Økonomien og det moderne samfunn

”… døden ikke heller”

Kultur – tidtrøyte eller luksus i moderne samfunn?

Kva forstår vi med eit fleirkulturelt samfunn?

Holistisk reduksjonisme?

Det negatives kraft

Modernitetens nattside

Modernitet – eit babelsk prosjekt

Rasjonalitet – universell og pluralistisk?

 

Baksidetekst:

Kva kan eg vite, kva bør eg gjere, kva tør eg håpe – og kvne er eg, eigenleg? Og kven er vi – som moderne personar, prega av ei særeigen intellektuell historie? Dette er grunnleggjande spørsmål – også for denne essaysamlinga til Gunnar Skirbekk: Kan vi kvitte oss med ”den norske tankeløysa” og få eit reflektert syn på det moderne prosjektet? Eller er det heile blitt for innfløkt for oss? Ein veg gå er opplyst samtale og undring, ikkje mindst over det forunderlege fakum at vi finst.

Gunnar Skirbekk

DEN FILOSOFISKE UROA

i spenninga mellom tvil og tru

Universitetsforlaget 2005

ISBN 82-1500903-4

 

Last ned boka elektronisk. NB - Stor fil (99 MB)

 

Baksidetekst:

I unge år gav eg ut ei bok med tittelen Nihilisme, spørsmålsteikn.

Det er på tide å svare.

 

”… den vanlege nordmannen [har] sjeldan kjent trong til å gjera alvorleg rekneskap for det grunnlaget han sjølv står på, .... Derimot så finn ein ei heil rekkje som har kjent seg kalla til å gjera opp rekneskapen for andre.” ”… vi har lært oss svara utan eigenleg å stilla problema.” Hans Skjervheim i artikkelen Eit filosofisk gjennombrot (1959).

 

”Her er det då at filosofien må vera den nødvendige uroa som sår tvil, og gjer det som har vorte for lett, tyngre, slik at det kan få den rette tyngda i seg att.” Hans Skjervheim i essayet Filosofi og livsvisdom (1965).

 

Innhald:

Forord

Innleiing

1. Fører modernisering til ”meiningstap”?

Og korleis kan ein i dag gjere rekneskap for seg sjølv, i spenningsfeltet mellom tradisjonalisme og relativisme?

2. Kva kan vi vite, trass i alskens tvil?

Kva kan filosofien yte, som refleksjon og diskusjon, og som forsøk på ”nyskildring” og på å ”bringe erfaringar på begrep”?

3. Finst det handlingsborne innsikter og normer?

Korleis er overgangen frå refleksiv diskusjon til normbaserte handlingar?

Har vi her den eine ufeilbarlege fornuft, eller mange og feilbarlege?

4. Kva inneber det å leve i eit ”kunnskapssamfunn”?

Korleis er overgangen frå normbaserte samhandlingar til institusjonsbaserte og vitskapsbaserte gjeremål? Og krev ”det moderne prosjekt” modernitetskritikk, t.d. i form av ideologikritikk og vitskapskritikk?

5. Kven er vi, eigentleg?

Kva er å seie om menneskesyn og menneskeverd, for oss samhandlande og samtalande og sårbare biokroppslege skapningar?

6. Kva inneber intuisjonen om ærefrykt for sårbart liv?

Kva rolle spelar livserfaring og eksistensielle stemningar, og korleis kan ulike sjangrar nyttast for å målbere ”det vesentlege”? Finst det eit meiningsberande språk, trass i meiningstap?

 

Gunnar Skirbekk

RASJONALITET OG MODERNITET

Essays i filosofisk pragmatikk

Universitetsforlaget 2009

ISBN 978-82-15-01459-3

 

I spenninga mellom postmodernistisk relativisme og scientistiske og religiøse overtydingar om at ein forpaktar Sanninga og Den rette læra, kva kan vi stille opp med? Finst det éi fornuft som er forpliktande for alle, men som likevel er sjølvkritisk og open for tvil? Er det den som vart utvikla ved ulike moderniseringsprosessar, frå opplysningstida og framover? I denne boka skal vi drøfte førestillinga om ei diskursiv og pragmatisk fornuft i spenningsfeltet mellom universell gyldigheit og kontekstuell situering. Ved gjensidig drøfting av ”kontekstuell prakseologi”, som hos den seine Wittgenstein, og ”universalpragmatikk”, som hos Apel og Habermas, skal vi argumentere til fordel for ein ”gradualistisk meliorisme”. Denne tenkjemåten spring ut av den ”pragmatisk-lingvistiske vendinga”, med fokus på samhandlingar og talehandlingar i livsverda. For å få fram høvelege omgrep om allmenne gyldigheitsspørsmål blir det nytta eksempelorienterte tankeeksperiment og diskursiv refleksjon. Ulike typar ”absurditetsargument” spelar ei viktig rolle. Det same gjer ideen om ”det betre argument” som ein ufråkomeleg regulativ idé. Dette viser til ein prosedural universalitet, som er innebygd i konkrete talehandlingar blant situerte og feilbarlege personar, og som utfaldar seg ved diskusjon og refleksjon. Fornufta framstår her som ein diskursiv samhandlingsprosess, på same tid situert og forplikta på gode grunnar.

 

Innhald

Forord

Innleiande merknader

1.Prakseologiske refleksjonar om handlingsimmanent sikt og oversikt

2.Absurditetsargument

3.Pragmatisme og pragmatikk

4.Galskap og fornuft

5.Kontekstuell pragmatikk og universalpragmatikk

6.Det pragmatiske naturomgrepet

7.Etisk gradualisme og diskursetikk

8.Handlingsimmanent universalitet og conditio humana

 

Litteratur

Gunnar Skirbekk

NORSK OG MODERNE

Forlaget Res Publica, Oslo, 2010

ISBN 978-82-8226-019-0

 

Denne teksten er eit bidrag til begrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn,

og samtidig ein politisk pamflett som rører ved definisjonsmakta på eit sensitivt felt:

 

Kva vil det seie å vere norsk og moderne?

 

Kven er vi, og korleis vart vi det?

Og kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet?

 

Innhald

 

Forord

Innleiing: Ein farande filosof vender blikket heimover

 

Første fokus:

Lutherske embetsmenn og folkelege rørsler

 

1. Makt og motmakt

2. Eit lokalsamfunn

3. Politisk modernisering

4. Skip, lov, litteratur

5. Modernisering på 1800-talet

Andre fokus:

Krigen med etterverknader og nye utfordringar

 

6. Krig og etterkrigstid

7. Moderne utfordringar

8. Nordiske parallellar og skilnader

9. Universalitet, mangfald, og berekraft?

10. Kort filosofisk etterskrift

 

Litteratur

Gunnar Skirbekk

IDEEN OM EIN VELFERDSSTAT UNDER VANSKELEGE VILKÅR

Plamflet utgitt av tidsskriftet Røyst, Bergen, 2015

ISBN 978-82-790-008-5

 

Innhald:

 

Forord (ved redaksjonen)

- Kort om bakgrunnen

- Sentrale argument retta mot ideen om ein velferdsstat

- Allmenne argument til fordel for velferdsstaten

- Merknader til dei fire formene for grunngiving

- Legitim paternalisme

- Vilkår for ein framtidig velferdsstat

- Eit tankeeksperiment: tre idealtypar

- Berekraftig velferdsstat under vanskelege vilkår

 

Referansar

Gunnar Skirbekk

DISKUSJONSVEGRING OG MAKTARROGANSE

Debatten om Hardangermastene – ein dokumentasjon

SVT Press, Bergen, 2015

ISBN 978-82-7907-099-2

 

Økodiskurs i praksis

Dokumentasjon frå debatten i Bergen Tidende og andre aviser, frå 29.11.2009 til 9.9.2014

 

 

 

 

 

 

Gunnar Skirbekk

KRISE OG MEDANSVAR

Politiske småskrifter

Forlaget Res Publica, Oslo, 2016

ISBN 978-82-8226-045-9

 

Kriser vil komme, igjen og igjen. Ikkje av eitt slag, ikkje langs éin dimensjon, men ved eit uoversiktleg samspel av mange faktorar. Ein kan bli skremd av mindre.

Som statsborgar i velorganiserte demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. Som statsborgar i kriseramma moderne demokrati har vi makt, kvar på sitt vis, og dermed også medansvar.

Dette er bakteppet for denne boka, Krise og medansvar, ei samling politiske skrifter i skjeringspunktet mellom aktuelle utfordringar og filosofisk refleksjon. Tolv tekstar med fokus på politikk og ekspertise, religion og modernitet, kultur og identitet, filosofi og øko-etikk.

 

Innhald:

 

Forord

Innleiing – fag og politikk

 

Del 1

Politikk i vitskapsbaserte og kriseramma samfunn

Politikk, ekspertise og offentleg meiningsdanning

- «Din tanke er fri» - men ikkje aleine

- Mot-ekspertise – meir demokrati, meir fornuft!

- Konservatisme+

Del 2

Religion og modernitet

Politisert religion versus «modernisering av medvitet»

- Religion i moderne samfunn: Multikulturalisme, ei utfordring for velferdsstaten?

- Ufrivillig blasfemi og behovet for religiøs lutring

- Norsk livssynspolitikk: ein trojansk hest for mørkemaktene?

Del 3

Noregssoga som moderniseringsprosjekt

Modernisering, folkedanning, språkutvikling

- Frå undersått til statsborgar

- Statsborgarskap og språk

- Språkhistorie og symbolmakt

Del 4

Tankens vegar og naturens grenser

Filosofi og øko-etikk

- «Norsk filosofi»?

- Tankens vegar: «her står vi, og kan ikkje anna»

- Etisk gradualisme og ærefrykt for sårbart liv

 

Referansar

 

Litteratur

Sist oppdatert 18. juni 2016